onsdag 18. mai 2011

Rælingen

Vi hadde ein flott tur til Rælingen helga 6-8. mai. Vi fekk komme heim til Johan på Jahr gård, vi følte oss priviligerte av å få oppleve der sjølvaste Johan har vakse opp og blitt til den han er i dag. Vi fekk møte familie og venner som tok oss godt imot. Vi fekk til og med gått oss en tur til hytta til Johans familie, der grilla vi og koste oss i det fine været.

Men vi var ikkje berre på besøk heime hos Johan, vi hadde diverse opplegg desse tre dagane i den menigheten han går i. Vi hadde opplegg på fredagen først for barna (og nokon litt eldre), vi sang, hadde drama og konkurranser. Til slutt ville ungane vise korleis dei gjorde det til vanlig, maken til ivrige unger er det lenge sidan eg har sett. Eg legg ved ein film i frå dette, for eg tenkte at dette kunne vi ikkje halde for oss sjølve:)


Seinare på kvelden hadde vi ei samling med litt eldre ungdom, vi snakka og delte tro og liv. Vi fekk bli betre kjent med ungdommen på Rælingen noko som blei ein veldig sterk kveld. Ein fin avslutning på den fyrste dagen.

På Laurdagen hadde vi fellesmøte. Vi fekk møte store deler av slekta til Johan der, det var veldig kjekt.
Og på sundagen fekk vi vere med å delta på gudstjenesten, vi hadde dramastykk og sang og fortalte litt om bibelskolen.
Det var ein flott helg med mykje bra innhold. Ei helg vi kjem til å ta med oss, mykje bra folk,  god mat, mange gode samtaler, ein flott menighet. 

Takk for ei minnerik helg:)




Ingen kommentarer: