onsdag 18. mai 2011

17.mai!!!!!!!!!!

Etter hardt arbeid til den 16.mai og mykje når dagen kom, var det tid for 17.mai feiring. Vi sto opp til flaggheising kl 08.00 og fortsatte deretter med frukost. Så var det videre ned til Grimstad by for å sjå på barnetoget. Vi i teamet hadde fått ansvar for å sette igang nokon l7.mai leiker imens elevane venta på middag. Vi hadde stelt i stand potetløp, trilleborrløp, melkespannkasting, bildraging og blikk-boks-kasting. For kvar aktivitet dei vart med på fekk dei eit kryss på lappen sin, for kvart 5 kryss fekk dei premie i premieboden. Vi hadde det kjekt saman og vi var så heldige med været dette året, så det var med å gjorde dagen til ein glad-dag. Sjølv om mange av elevane var trøtte etter førdagens store event. Dagen fortsatte med borgertog og 17.mai fest på BiG. Mykje feiring og mange gjekk tidlig til sengs utslåtte med vonde føtter og eit anna forhold til sangen: brrampa, da da da di da da di da da, bom tsh bom tsh.

Ein siste gong: Gratulerer med dagen alle sammen!










Ingen kommentarer: