Tidleg Onsdag morgen, å da meiner eg tidleg, rettere sagt 04.15 stod vi opp for å rekke flyet på Kjevik.
Flyet gjekk 06.20 og vi var ute i god tid, å det var godt i og med at vi skulle igjennom sikkerhetskontroll.
Vi har jo tre herremenn i dette teamet som ser nokså tvilsomme ut og ein skulle tru at dei vart stoppa og blei kroppsvisitert, men nei da. Dei velger den som ser mest uskyldig ut, meg(Marit)!!!! Fram og tilbake igjennom kontrollen, peip og peip og blei til slutt kroppsvisitert, det var ikkje nok med det , men bibelskolesekken min og veska mi den skulle dei og ta ein titt i. Rota og styra i Bibelskolesekken min som om eg ikkje skulle hatt kontroll over det som var i sekken. Jaja, eg får vel berre vere glad for at dei er nøye med sikkertheten. Til trass for latter og mumring i resten av teamet som trippet raskt igjennom kontrollen uten problemer.
Vi kom oss vertfall til Evenes flyplass og tok bussen videre til Narvik til slutt. Der blei vi henta av Kappellan Trond Laksaa, som vi skulle bo oss denne veka. Vi blei møtt av tre skjønne unger på 3, 5 og 8 år som var ivrige på å bli betre kjent med oss i teamet.
På kvelden var vi med å deltok på misjonsmøte i misjonshuset, som var eit møte for den eldre garde med kaffi og kaker etterpå. Der hadde vi andakt og fortalte om kven vi er og kva vi har gjort dette året.
Ein lang dag var til endes og vi la oss trøtte til sengs for å vere opplagt til en nokså travel dag neste morgon:)
Marit:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar