Vi i teamet bestemte oss for å dra på ein liten båttur ut i vakre Grimstad skjærgård ein tysdags ettermiddag. Det vi ikkje visste var at det kom til å by på problemer. Vi var klare, det var fint vær, maten var med og alt var klart. I det vi skulle sette oss i båten såg vi ein smule stressa Hans Olav, han fant ikkje båtnøkkelen!!! Som du kanskje veit er Hans Olav ein som pleier å ha orden på tingane sine, men nå var nøklene borte vekk. Kor trur du dei var??? Joda nøklane låg på botnen av vannet 3-4m ned, det som ikkje skal skje hadde skjedd. Hans Olav Østebrød hadde klart å miste nøklane i vatnet.
Etter mykje fisking med pinner i ulik lengde og hjelp av snille båtkarer klarte Hans Olav å få fiska nøkkelen opp. For å toppe det heile, ville ikke motoren starte. Etter mange forsøk, spurde våre kjære båtvener om dødmannsknappen var satt i. Ein litt stressa og flau Hans Olav rista på hovudet, satte i dødmannsknappen og starta motoren på første forsøk. Kvelden var redda!
Da tok vi oss ein velfortjent kvil i båten med prinsessekake og saft.( Som eg, Marit, hadde baka). Denne var forøvreg god for Hans Olav til å trøstespise.
Vi tok oss ein rundtur og fiska utan å få fisk(!) til vi fann ein plass vi ville gå i land. Der grilla vi pølser og kosa oss til mørkets frembrudd.
Det var ein koselig tur som endte bra vertfall, hehe....